tirsdag 29. mai 2012

Romfolk: strategiar for integrering og ny rapport om levekår

EU-landa har presentert sine nasjonale strategiar for betre integrering av romfolk etter krav frå Europakommisjonen. Strategiane har fire prioriterte område: utdanning, bustad, arbeid og tilgang til helsetenester.

Europakommisjonen sin gjennomgang av strategiane viser til enkelte positive tiltak i dei ulike EU-landa, men når det gjeld til dømes bustad så har berre nokre få av landa meldt tilbake om konkrete tiltak for å sikra ikkje-diskriminering. Kommisjonen etterlyser også konkrete økonomiske planar for iverksetjing av integreringstiltaka i 14 av EU-landa, og justiskommissær Viviane Reding kommenterte at det verka som at tildeling av midlar til romfolk ikkje var politisk opportunt. Sosialkommissær László Andor la vekt på at medlemslanda må ha gode nok strategiar for inkludering av romfolk før det blei gitt strukturmidlar gjennom sosialfondet (ESF).

Inkludering av romfolk er løfta til EU-nivå for første gang og er no knytt til Europa 2020-strategien, EUs strategi for vekst. Det er mellom 10 og 12 millionar romfolk i EU.

Samtidig viser ein ny rapport om situasjonen for romfolk i elleve EU-land at 90 prosent lever under fattigdomsgrensa, og at mange møter fordomar, intoleranse, diskriminering og sosial ekskludering i kvardagen. Rapporten er utgitt av EU-byrået for grunnleggjande rettar (FRA), og direktør Morten Kjærum slår fast at resultata på mange måtar er «sjokkerande» og legg til at det trengst meir effektive tiltak raskt.