Brusselbrev frå Per S. Nestande
Komiteen for borgarrettar, rettslege og indre spørsmål (LIBE) diskuterte denne veka framlegget til nytt personvernregelverk i EU. Dette omfattar forslag til forordning om generelle personvernreglar og eit forslag til direktiv om personvern i samband med persondata i kriminalsaker. Saksordføraren for forordninga, Jan Philipp ALBRECHT (Dei grøne, Tyskland) la fram eit arbeidsdokument (vedlagt) som grunnlag for diskusjon. Her peiker han på sentrale spørsmål som må drøftast vidare i handsaminga av forslaget. Dette omfattar mellom anna kva forskriftskompetanse Kommisjonen skal få, i kva grad EU-institusjonar skal vere omfatta av reform, tilhøve til nasjonal lovgjeving, klargjering av sentrale omgrep og utlevering av data til andre land. Arbeidsdokumentet vart godt motteke i LIBE-komiteen. Eit anna spørsmål som Parlamentet er opptatt av, er at forordninga og direktivet må behandlast som ein pakke. I Rådet har derimot fleire medlemsland teke til orde for at det ikkje er nødvendig å kople dei to framlegga. Parlamentet er ikkje tilfreds med dette.
Som ein del vil vere kjend med, arrangerer LIBE eit fellesmøte med nasjonale parlament om personvernpakka 9. – 10. oktober. Fleire stortingsrepresentantar har uttrykt ynskje om å kunne delta på dette møtet. Europaparlamentet har opplyst at EØS-land kan inviterast til slike møte dersom formannen i den aktuelle komiteen ynskjer dette. Internasjonalt sekretariat vil sørge for at det blir retta eit formelt spørsmål til formannen i LIBE om norsk deltaking.