onsdag 26. september 2012

ITRE drøftar reglane om olje- og gassverksemd til havs

Brusselbrev frå Per S. Nestande.
  • ITRE synes å støtte direktiv framfor forordning 
  • Det er ulike syn i ITRE om forbod mot verksemd i Arktis
  • Andre sentrale spørsmål i ITRE er ansvar, verksemd i tredjeland og rolla til EMSA
  • Avstemming i ITRE er 9. oktober, plenumsbehandling er planlagt i desember.

Industri-, forskings- og energikomiteen (ITRE) i Europaparlamentet (EP) drøfta denne veka endringsframlegga som er lagt fram til framlegget til nye reglar for å auke tryggleiken til olje- og gassverksemd til havs. ITRE har hovudansvaret for dette framlegget i EP.

Reguleringsform
Saksordføraren, Ivo Belet (EPP ,Belgia) viste til at miljøkomiteen (ENVI) og justiskomiteen (JURI) har ulike oppfatningar om reglane bør vere direktiv eller forordning. Han støttar vedtaket i ENVI om at det bør vere eit direktiv. Det var ulike oppfatningar i ITRE om dette. Sosialistgruppa (S&D) og den konservative reformgruppa (ECR) støttar saksordføraren. Dei liberale (ALDE) og Dei grøne meiner det bør vere ei forordning. Kommisjonen gjentok også at dei meiner forordning er den beste reguleringsforma slik også JURI gjekk inn for i si avstemming.

Arktis
Belet viste til at han jobbar med eit kompromiss om ordlyden når det gjeld verksemd i Arktis. Han viste til at ENVI hadde vedteke ein balansert ordlyd i fortalen til regelverket, men meinte komiteen gjekk for langt i retninga av eit forbod i artiklane dei hadde vedteke. ALDE-gruppa sa ENVIs syn burde bli reflketer i ITRE. ECR viste til at Arktis er sårbart, og at det er viktig at verksemd blir basert på best mogleg standardar. Kommisjonen sa det er viktig med fornuftige reglar. Kommisjonens utgangspunkt er at reglane skal sikre gode nok risikoanalyser og –tiltak uavhengig av kvar verksemda skjer.

Andre spørsmål
Belet støttar elles framlegg om styrka økonomisk ansvar for operatørane ved ulykker og krav om garantiar. Han støtta eit framlegg i møtet om ei intern konsekvensvurdering knytt til spørsmål om ansvar og ansvarsforsikring. Han er positiv til framlegg om å styrke involveringa av arbeidstakarane. Han var åpen for å styrke rolla til det europeiske sjøsikkerheitsbryået (EMSA), men viste til at det kan vere visse økonomiske og andre grenser for kva oppgåver EMSA skal og kan ha ansvar for. Det er viktig å sikre uavhengige vurderingar, men mindre viktig om dette er andre- eller tredjepartsvurderingar sa Belet. Han var samd i målet om at EU-selskap bør ha høge standardar også når dei opererer i tredjeland, men viste til at det var behov for å sjå nærare på kva reguleringskompetanse EU har utanfor EU. Definisjonane i regelverket må også vurderast nærare, mellom anna om definisjonen av alvorleg ulukke er vid nok.

Dei andre medlemmane som tok ordet synes i hovudsak vere samde med saksordføraren, men det er noko ulike syn t.d. om kor strenge krav til ansvar og ansvarsforsikring skal vere. Kommisjonen viste til at det alt eksisterer generelle reglar om involvering av arbeidstakarar, og at ein må unngå dublisering. Kommisjonen sa det er viktig med eit dynamisk regelverk og at Kommisjonen derfor bør få fullmakt til å gje gjennomførings- og delegerte rettsakter seinare. EP ynskjer i utgangspunktet å unngå for vide fullmakter til Kommisjonen.

Vidare prosess
Saksordføraren har fremja 93 endringsframlegg i sitt utkast til innstilling. Andre medlemmar har fremja 548 endringsframlegg. ITRE vil også stemme over ein del av endringsframlegga som vart vedteke i ENVI og JURI førre veke. Komiteen vil stemme 9. oktober. Det er lagt opp til plenumsbehandling i desember.

Saksordførarane og skuggesaksorførane frå dei andre gruppene vil fram til 9. oktober ha møter for i størst mogleg grad kome fram til semje om felles oppfatning på dei sentrale punkta. Saksordføraren nemnde også at han ville ha eit møte med statssekretær i Olje- og energidepartementet, Per Rune Henriksen, denne veka. Henriksen møtte også saksordføraren i ENVI.