fredag 14. september 2012

Kritikk av polititilgang til fingeravtrykkdatabase

Europakommisjonen presenterte 30. mai eit forslag om å forbetra den felleseuropeiske databasen for fingeravtrykk av asylsøkjarar, Eurodac. Der blei det mellom anna føreslått at nasjonale politistyresmakter skulle kunna kontrollera fingeravtrykk mot databasen, noko som har medført mykje kritikk. Sist ute er EUs eige tilsyn for datasikkerheit, EDPS, som meiner kommisjonsforslaget strider mot grunnleggjande rettar.

Organisasjonen for europeiske asyl- og flyktningorganisasjonar (ECRE) har tidlegare kome med kritikk av forslaget, fordi det vil føra til ytterlegare stigmatisering av asylsøkjarar og at forslaget går langt utover meininga med databasen. Også FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har uttala seg kritisk.

Gjennom Dublin-samarbeidet har Noreg ei avtale om deltaking i Eurodac.