Brusselbrev frå Per S. Nestande
Europakommisjonen arbeider med framlegg til revisjon av datalagringsdirektivet, men vil ikkje seie noko om når framlegget kan ventast. Kommissær Cecilia Malmström svarte i går på ikkje mindre enn fem skriftlege spørsmål frå medlemmar av Europaparlamentet om status for revisjonen av direktivet.
Spørsmåla gjaldt fyrst fremst når Kommisjonen vil komme med det varsla framlegget til revisjon av datalagringsdirektivet, men også gjennomføringa i medlemslanda av eksisterande direktiv og rapportar om brot på personvernet. I debatten syntes det vere brei semje om behovet for å gå gjennom reglane. Ein del meinte ein ikkje hadde dokumentasjon på at det nåverande direktivet var nødvendig og ga resultat. Samstundes grip det inn i personvernet i eit omfang som er så graverande at Kommisjonen bør oppheve det. Det vart mellom anna sagt at direktivet medfører masseovervaking av 500 millionar europearar. Andre som ikkje var like kritiske, meinte det var behov for å sikre personvernet betre og hindre misbruk.
Malmström sa at datalagring er kome for å bli og er nødvendig for å hindre alvorleg kriminalitet. Datalagring skjer i alle medlemslanda og medlemslanda ynskjer reglar på dette området. Ho avviste at det var snakk om masseovervaking og peikte på at direktivet nettopp skal sikre reglar for bruk av data som uansett blir lagra av operatørane. Evalueringa frå 2011 av det gjeldane direktivet hadde likevel vist til behov for forbetringar og gjennomgang av mange spørsmål. Dette gjeld m.a. lagringsperiode, kva data som skal lagrast, kva type brotsverk lagra data kan brukast til, kven som skal ha tilgang, personvern og om og korleis dei private operatørane skal kompenserast. Samstundes må revisjonen av datalagringsdirektivet sjåast i samanheng med den pågåande revisjonen av europeisk personvernregelverk og også den planlagde revisjonen av direktivet om behandling av personopplysningar innan elektronisk kommunikasjon (Kommunikasjonsverndirektivet). I dag er det et smutthol i reglane i dette direktivet som gjev høve til å lagre data til andre føremål enn det datalagringsdirektivet opnar for. Samla sett er dette eit komplisert politikk område som krev grundige vurderingar. Såkalla quick freeze blir også vurdert i denne samanhengen, men dette er ikkje eit alternativ til datalagring. Malmström ville derfor ikkje seie noko om når eit revidert direktiv ville kome, men det kjem ikkje i 2012.
Les spørsmåla her, her, her, her og her.