Retten til rettferdig behandling i rettargang blir stadig broten i EU-landa, viser ein ny rapport frå organisasjonen Fair Trials International.
Rapporten viser til saker registrerte av Den europeiske menneskerettsdomstolen, og det er særleg utsetjinga i kva tid sakene blir prøvde for domstolane som er problemet. I enkelte EU-land kan det ta fire år i varetekt før ein får prøvd saka si, og nokre land har ingen øvre grense for slike forseinkingar.
Det er Hellas, Bulgaria, Polen og Romania som blir trekte fram som verstinglanda, og problema skal vera aukande.