tirsdag 13. november 2012

Island: fleirtal for å trekkja EU-søknaden

Fleirtalet av islendingane vil trekkja søknaden om EU-medlemskap, viser ei ny meiningsmåling.

53,5 prosent av islendingane ønskjer ikkje å halda fram med medlemskapsforhandlingane, mens 36,4 prosent ønskjer å fullføra forhandlingane. Ei undersøking i fjor haust viste at 50,3 prosent ville trekkja søknaden.

I dei islandske medlemskapsforhandlingane med EU er to tredjedelar av forhandlingskapitla opna. Fiskerikapitlet er enno ikkje opna, eit område der forhandlingane er venta å bli særskilt vanskelege.