EU bør vurdera å byggja ut kompetanse for å sikra pressefridom og mediemangfald i EU-landa, som er ein av dei grunnleggjande rettane i EU (artikkel 11). Det kjem fram i rapporten A free and pluralistic media to sustain European democracy, som eit spesialutval overleverte Europakommisjonen denne veka.
Kommissær for digital dagsorden, Neelie Kroes, kommenterte at rapporten er «svært politisk», noko ho var godt nøgd med, og la til: «Eg er sikker på at den vil starta brei debatt».
Utvalet bak rapporten gir 30 anbefalingar for å garantera pressefridom og mediemangfald i EU, og føreslår at EUs byrå for grunnleggjande rettar eller eit uavhengig senter kan få ansvaret for å overvaka dette i medlemslanda. I tillegg bør dei enkelte landa ha medietilsyn som er uavhengige av staten. Vidare inneheld rapporten anbefalingar for å løysa problema med mediekonsentrasjon, den drøftar rettar og plikter for journalister og ser på måtar for også å støtta innhaldsproduksjonen i media (og ikkje berre distribusjon).