Då Irland, som har formannskapet i EU denne våren, oppsummerte prioriteringane sine før jul, blei ingen justis- og innanrikssaker trekt fram. Forklaringa kan liggja i at Irland ikkje er Schengen-land og heller ikkje deltar fullt ut i EUs justis- og innanrikssamarbeid.
Reformeringa av Schengen-samarbeidet er blant sakene som er til behandling i justis- og innanriksrådet, men European Voice skriv at området kan få lite merksemd frå eit formannskapsland som ikkje deltar i det grensefrie samarbeidet.
Tenketanken Statewatch har likevel presentert ei oversikt over kva justis- og innanrikssaker det er venta forhandlingar om denne våren, i tillegg til førebelse agendaer for rådsmøta som er planlagde.
Justis- og beredskapsminister Grete Faremo deltar på uformelt rådsmøte i Dublin 17.-18. januar.