Brusselbrev frå Per S. Nestande.
- Fire konservative medlemmar av Europaparlamentet hadde pressekonferanse om norsk landbrukstoll i dag.
- Dei ber Kommisjonen møte auka norsk landbrukstoll med mottiltak i form av toll på laks eller sjå på andre delar av EØS-avtalen.
- Dei fire ynskjer å drøfte dei norske tollendringane i plenum av Europaparlamentet og vil ta opp dette på møtet i utanrikshandelskomiteen 23. januar.
Fire medlemmar av den konservative gruppa (EPP) i Europaparlamentet hadde i dag pressekonferanse i Strasbourg om endringane i det norske tollvernet for visse landbruksprodukt. I ei
pressemelding som vart sendt ut samstundes, ber dei Noreg om å reversere endringane. Dei viser til at endringane undergraver EØS-avtalen og ber Europakommisjonen (Kommisjonen) om å kome med mottiltak om ikkje Noreg endrar politikk. Tre av dei som deltok på pressekonferansen i dag, stilte
spørsmål til Kommisjonen om saken i fjor haust.
Les mer.