fredag 19. april 2013

EUs indre sikkerheit: evaluering og nye tiltak

Eit direktiv om straffeansvar for kvitvasking av pengar, sikring av drifta av informasjonssystemet SIS II og oppdatering av EU-verktøy for å motverka valdeleg ekstremisme. Det er blant dei konkrete tiltaka som Europakommisjonen vil prioritera i 2013, og som kom fram då den årlege rapporten om gjennomføringa av EUs interne sikkerheitsstrategi blei presentert nyleg.

Rapporten viser at organisert kriminalitet framleis er ei stor utfordring for den interne sikkerheita i EU. Datakriminalitet, menneskehandel, kvitvasking, korrupsjon og auka valdeleg ekstremisme utgjer store sikkerheitstruslar innanfor EU-grensene.

Nokre lyspunkt fanst også i rapporten, som EUs nye senter for it-kriminalitet og forslaget frå Kommisjonen om meir «smarte grenser».