mandag 22. april 2013

Folketinget etterspør EU-orientering – svenske politikarar har oversikt?

I Folketinget er ein bekymra for å hamna på sidelinja i eit stadig tettare EU-samarbeid. I eit utkast til rapport frå Europaudvalget står det at regjeringa skal orientera Folketinget om nøkkeltal og reformplanar før det blir sendt til Brussel.

«For at få hånd i hanke med det, er det vigtigt at få lavet en aftale, så vi kan se regeringen over skulderen» seier leiaren i Europaudvalget, Eva Kjer Hansen (V), til Jyllands-Posten. Men, professor ved Center for Europæiske Studier i København, Peter Nedergaard, trur ikkje dette vil løysa noko: «Det ser godt ud på papiret, men politikere har det med at koncentrere deres energi der, hvor der tages beslutninger, og eftersom der her kun er tale om orienteringer, tror jeg, at der reelt kan blive tale om endnu et lag i bureaukratiet».

I mars blei leiarane av europautvala i EU-medlemslanda einige om å krevja meir involvering i EU-politikk.

I Sverige stoler 39 prosent på at politikarane har god kjennskap til EU-saker. Det viser ei ny opinionsundersøking frå tenketanken Forum för EU-debatt. Sjølv meiner berre 12 prosent av dei spurde at dei kjenner seg godt informerte om EU-beslutningar. Om lag halvparten svarer også at Sverige burde ha fleire folkeavstemmingar i store EU-saker, og 78 prosent meiner breiare debatt om EU-spørsmål er viktig for demokratiet.