onsdag 10. april 2013

Forslag om å styrka Europol – og parlamentarisk kontroll

Rett før påske la Europakommisjonen fram forslag til ny forordning for å gjera Europol meir effektivt, både i informasjonshandteringa og i informasjonsdelinga mellom medlemslanda.

Det blir lagt opp til å styrka den parlamentariske kontrollen med Europol. Både Europaparlamentet og dei nasjonale parlamenta skal informerast om arbeidsprogram, årsrapportar, trusselvurderingar, strategiske analysar og meir generelle situasjonsrapportar frå Europol.

Det blir også føreslått at det europeiske politiakademiet Cepol skal leggjast inn under Europol. Forslaget skal no til behandling i Europaparlamentet og Rådet, og Europolitics spår at forhandlingane kan bli utfordrande fordi det blir lagt opp til å fjerna eit byrå frå eit medlemsland (Cepol ligg i Storbritannia i dag), i tillegg til at Borgarretts-, justis- og innanrikskomiteen (LIBE) i parlamentet har uttrykt seg skeptisk til at Europol vil kunna dekka Cepol sine oppgåver på ein god nok måte.

Det nye forslaget kan medføra at Danmark må ut av Europol-samarbeidet, fordi det vil gi samarbeidet ein overstatleg karakter (punkt 61, side 19 i forslaget), noko som aktiverer danske unntak på justisområdet. EU-oplysningen ved Folketinget har skrive om mulege løysingar for Danmark. Justisminister Morten Bødskov kommenterer til politiken.dk at han vanskeleg kan sjå at Danmark ikkje skal vera del av Europol-samarbeidet i framtida.