Representantar frå parlamenta i landa rundt Middelhavet var samla til felles møte i Brussel i førre veke. Meldinga derifrå var: Dei demokratiske reformene som er på gang i regionen må ha støtte frå sterke parlament, som har tilstrekkeleg med ressursar og god infrastruktur. I tillegg må ein sikra meir kvinnerepresentasjon i folkevalte institusjonar.
Presidenten i Europaparlamentet, Martin Schulz, anklaga styresmaktene i EU-land for manglande interesse for utviklinga i regionen: «The economic crisis, and the debate as to how best overcome it, within the EU bears a "striking parallel" to the future of the Mediterranean region». Schulz la vekt på at parlamentarisk dialog var blant dei beste verkøtya for å byggja tillit, og for å gi legitimitet til konkrete prosjekt som til dømes kvinner i leiarposisjonar, betre vannforvalting, energisamarbeid og institusjonsbygging.
Parlamentarikarmøtet samla deltakarar frå fleire land knytt til regionen, og blei arrangert for niande gong.