Regjeringas arbeidsprogram for EU/EØS-saker 2013 er no lagt fram. Programmet skal bidra til systematisk innsats overfor EU i tidleg fase, og gir korte orienteringar om viktige EU/EØS-saker og norsk haldning til desse.
Regjeringa vil særskilt prioritera følgjande åtte EU/EØS-saker i 2013 (side 5):
- Handhevingsdirektivet (arbeidsliv)
- Den tredje energimarknadspakken og deltaking i byrået for samarbeid mellom energiregulatorar (ACER)
- Ny klimaavtale under FNs klimakonvensjon – samarbeid med EU
- EUs nye tilsynssystem for finansielle tenester
- Bankinnskott – garantiordninga
- Norsk deltaking i EUs nye programsamarbeid, særleg på forskings- og innovasjonsområdet (Horisont 2020)
- EUs jernbanepakke
- Nye reglar for regionalstøtte
Programmet er delt opp i tre delar: ein EØS-del, ein del om justis- og innanrikssaker og ein del om utanriks- og sikkerheitspolitikk.
Med lansering av programmet følgjer regjeringa opp målsetjinga om å bruka programmet som eit strategisk verktøy i norsk europapolitikk, og det er meininga at programmet også skal vera eit viktig referansedokument for Stortinget.