Eit nytt direktiv om vidarebruk av offentleg informasjon blei vedtatt i EU denne sommaren.
Direktivet medfører sterkare press på at medlemslanda må leggja til rette for gjenbruk av offentlege data. Det blir mellom anna opna for automatisk vidarebruk av data som er tilgjengeleg etter offentleglova. Regelverket skal også gjelda data frå arkiv, bibliotek og museum (med nokre unntak). Medlemslanda må innføra direktivet innan juli i 2015.
Seksjonssjef i Difi, Bjørn Holstad, meiner det er sannsynleg at direktivet også vil bli gjeldande i EØS: «Det bør ikke være kontroversielt å innføre direktivet i Norge. Men det er et spørsmål om staten bør gå lenger enn direktivet og fullfinansiere offentlige virksomheters kostnader til tilrettelegging for viderebruk slik at det offentlige kan tilby dataene gratis». Holstad er ikkje nøgd med at direktivet opnar for at dataeigarar kan ta betaling: «Her kunne direktivet vært mye tydeligere på at å tilgjengeliggjøre data er en oppgave som følger av behandlingen av dataene». Ein ny rapport bestilt av Kommisjonen viser at fleirtalet av forskingspublikasjonar no blir lagt fram utan krav om betaling.
I førre veke lanserte Kommisjonen ei høyring om retningslinjer for gjenbruk av offentleg informasjon som værdata, trafikkdata, forskingsdata, statistikk og digitaliserte bøker. Nye retningslinjer skal etter planen vera klare i 2014. Denne veka hadde fleire utvalsmedlemmer i det regjeringsoppnemnde Geodatarådet skrive under eit innlegg i Aftenposten, der dei tek til orde for at krav om hemmeleghald av data frå norske sjøkart må lempast på, og at dagens regime hindrar «milliardvekst».