Ein ny suspensjonsmekanisme vil gjera det mogeleg å krevja visum frå personar frå tredjeland som opphavleg har visumfri avtale med EU, dersom det er ein betydeleg auke i asylsøknader frå dette landet. Europaparlamentet vedtok i førre veke å støtta forslaget.
Sjølv om saksordføraren i Europaparlamentet la vekt på at mekanismen ikkje var retta mot spesifikke land, er bakgrunnen for forslaget den store auken asylsøkjarar frå land på Vest-Balkan som får avslag på søknaden sin i EU-land.
Etter dei nye reglane vil eit EU-land, som opplever slik plutseleg auke av søknader der det ikkje er grunnlag for asyl, først varsla Europakommisjonen, som så vil vurdera situasjonen og eventuelt føreslå å suspendera visumfrie reiser frå eit gitt tredjeland i ein periode på seks månader.
Prosedyren for å aktivera suspensjon av visumfrie reiser vil skje utan at Europaparlamentet har medbestemming, noko det var splid om i debatten før plenumsvedtaket. Forslaget blei til slutt vedtatt med 328 stemmer mot 257.
Ifølgje årsrapporten frå støttekontoret for asylsaker (EASO) kom den største gruppa asylsøkjarar til EU i fjor frå dei seks Vest-Balkanlanda samla (over 53 000 frå Albania, Bosnia-Hercegovina, Kosovo, Makedonia, Montenegro og Serbia).