På utanriksrådsmøtet 21. oktober blir det truleg avgjort om Ukraina oppfyller dei nødvendige kriteria for ei stabiliserings- og assosieringsavtale med EU. I så fall vil ei avtale kunna signerast i Vilnius i slutten av november.
Saka er høgt prioritert av det litauiske EU-formannskapet i haust, og president Dalia Grybauskaitė sa på den årlege Jalta-konferansen i førre veke at Ukraina no har to månader på å løysa nokre utvalde problemsaker. Særleg Timosjenko-saka blir trekt fram som eit av dei siste hindera for ei avtale med EU. Europaparlamentet har bestilt ein eigen rapport om denne saka, og rapporten skal overleverast 15. oktober.
Den siste månaden har det ukrainske parlamentet vedtatt fleire reformer for å oppfylla EU-standardar, mellom anna når det gjeld straffelover og tollreglar, og 18. september godtok den ukrainske regjeringa einstemmig teksten for ei assosieringsavtale med EU. Kureren.no skriv samtidig om korleis Ukraina og fleire tidlegare sovjetrepublikkar no er midt i ein dragkamp mellom Russland og EU om framtidige frihandelsavtalar.
Tyrkia, som signerte ei assosieringsavtale med EU allereie i 1963, er derimot ikkje nær noko EU-medlemskap. Den tyrkiske EU-ministeren kommenterte sist veke at det truleg kunne bli ei norsk EU-løysing for Tyrkia: «I think Turkey will end up like Norway. We will be at European standards, very closely aligned but not as as member”. Ministeren la til at EU bør leggja vekk fordommane og akseptera «unge og dynamiske land» som Ukraina og Tyrkia.