Schengen-landa skal bli betre rusta til å kunna førebyggja og oppdaga ulovleg innvandring. Samtidig skal landa også bli betre rusta til å redda flyktningar i livsfare. Europaparlamentet vedtok torsdag nye reglar for grenseovervakingssystemet Eurosur.
Gjennom Eurosur skal ansvarlege for grenseovervaking (grensevakter, kystvakt, politi, tollvesen) lettare kunna samarbeida, både med kvarandre, Frontex og naboland. Systemet skal mellom anna gjera det mogleg å dela sanntidsdata frå yttergrensene i Schengen-området via eit beskytta kommunikasjonsnettverk. Medlemslanda skal koordinera overvakinga gjennom nasjonale koordineringssenter som gjer informasjonen tilgjengeleg for Frontex, som igjen får ansvaret med å varsla ved behov.
Europakommisjonen meiner systemet mellom anna er viktig med tanke på å informera nasjonale grensevakter om forsøk på å kryssa Middelhavet. Dette var også meldinga frå saksordføraren i Europaparlamentet, Jan Mulder (ALDE, Nederland): «To prevent a tragedy like that off Lampedusa from happening again, rapid intervention is necessary».
18 land skal begynna å bruka Eurosur allereie 2. desember. I pressemeldinga er ikkje Noreg lista opp som eitt av desse, men ifølgje siste justisrapport frå EU-delegasjonen skulle dette i utgangspunktet også gjelda Noreg. I regjeringas arbeidsprogram for EU/EØS-saker for 2013 står det at Noreg har deltatt i arbeidet med å utvikla retningslinjer for dei nasjonale koordineringssentra, som i Noreg skal leggjast til Kripos.