I eit
hemmeleg dokument frå Europakommisjonen, som danske
NOTAT har fått tilgang til, blir EU-landa oppmoda om å samarbeida om ein
kommunikasjonsstrategi på tvers av EU for å sikra positiv mediedekning av
frihandelsforhandlingane med USA (TTIP).
Dokumentet blei fremja i samband med eit møte om PR-strategi
sist fredag, og målet er mellom anna å kommunisera det positive TTIP inneber
for EU (til dømes gevinstar og globalt leiarskap på handelsområdet). Dette skal
sikrast gjennom å definera vilkåra for debatten tidleg, og hindra at ein heile
tida skal måtta forsvara kva TTIP ikkje handlar om (ikkje
personvernforhandlingar og ikkje om mindre EU-regulering av standarder).
I dokumentet forklarer Kommisjonen mellom anna korleis
medlemslanda kan bruka førehandsprodusert informasjonsmateriell i
kommunikasjonsarbeidet, til dømes om kvifor TTIP ikkje er likt den omstridde
ACTA-handelsavtala som blei avvist av Europaparlamentet ifjor. EurActiv
skriv at Kommisjonen ikkje ønskjer å kommentera det lekka dokumentet.
Den europeiske forbrukarorganisasjonen BEUC har tidlegare
denne månaden etterspurd å bli meir inkludert i frihandelsforhandlingane:
«Only transparent negotiations will appease civil society’s conclusion that
hard-fought rights are at risk».
I førre veke vedtok Sveriges riksdag å endra
offentlegheitsreglane slik at mellom anna EU-dokument
kan hemmelegstemplast av svenske styresmakter. Dette skal sikra at Sverige
oppfyller forpliktingar for å kunna delta i internasjonalt samarbeid. Peter
Eriksson frå Miljöpartiet, som stemte imot den nye paragrafen, seier til Svenska
Dagbladet at det er «den største innskrenkinga i moderne tid av den
openheitskultur som Sverige har stått på for».