fredag 14. februar 2014

Europakommisjonen vil reformera internett-styringa

Overvakingssaker og svekka tillit til internett er bakteppet for Europakommisjonen sitt nye forslag om å reformera korleis internett blir styrt og administrert. Kommisjonen ønskjer ei meir open, ansvarleg og inkluderande styring av nettet.

«Våre grunnleggande rettar og menneskerettar er ikkje til forhandling. Dei må beskyttast online», var meldinga frå EU-kommissær for digital dagsorden, Neelie Kroes, då ho presenterte fleire konkrete forslag sist veke:
- Etablera ein tidsplan for globalisering av dei amerikanske organisasjonane ICANN (administrerer internasjonale domene) og IANA (forvaltar IP-adresser)
- Styrking av Internet Governance Forum, den globale plattforma for dialog og erfaringsutveksling for offentlege styresmakter, organisasjonar, næringsliv, universitets- og forskingsmiljø
- Lansera Global Internet Policy Observatory i løpet av 2014, som skal fungera som informasjonsleverandør og database over utviklinga av internett-lovgiving

Eit tryggare internett i EU er også tema på dagens møte mellom Tysklands kanslar Angela Merkel og Frankrikes president Francois Hollande. Kommisjonen støttar desse intensjonane og poengterer samtidig at det ikkje betyr at det skal planleggast eit «europeisk internett», men at det heller handlar om å finna alternativ der europearar skal kunna velja at informasjon kan lagrast i Europa.

Tema skal diskuterast vidare i Rådet, og Kommisjonen ønskjer også ein debatt i Europaparlamentet.