Det finsk-svenske initiativet om å få etablert eit europeisk fredsinstitutt er i ferd med å realiserast. 18. februar underteikna sju land instituttets vedtekter.
European Institute of Peace (EIP) er resultatet av ein prosess som freistar å styrkja EU som utanrikspolitisk aktør, og skal ifølgje Det svenske utanriksdepartementet bidra til å handtera kriser og konfliktar. Sjølv om instituttet skal vera uavhengig EU sine institusjonar, skal det bidra til EU sitt globale fredsarbeid. Dei sju landa som står bak instituttet er: Sverige, Finland, Belgia, Ungarn, Luxembourg, Polen og Sveits.
Sveriges utanriksminister Carl Bildt har tidlegare uttalt at også Noreg bør vera med, i tillegg til Sveits, på grunn av deira erfaringar på området. I regjeringas arbeidsprogram for EU/EØS-saker i fjor stod det at det er «regelmessig kontakt på embetsnivå med de nordiske landene» i samband med å få etablert fredsinstituttet, og det skal også ha vore tema då EØS- og EU-minister Vidar Helgesen møtte Bildt i desember.
Instituttet blir planlagd med oppstart i mai, og vil ha sitt hovudsete i Brussel. Sjå også notatet Enter the European Institute of Peace: Competing with or strengthening the European Union? frå German Institute for International and Security Affairs (SWP).