fredag 30. april 2010

Fri flyt av arbeidskraft truar pasienttryggleiken

I Dagens Medisin er det ein artikkel om britisk opprør mot reglane for tilsetjing av legar innanfor EU/EØS-området. Eit pasientdødsfall som følgje av språkproblem har fått helsekomiteen i det britiske parlamentet til å be om eit eige regelverk for godkjenning av utanlandske legar som skal arbeida i eit land.

I dag kan legar frå EU/EØS-land arbeida i eit anna EU/EØS-land utan å bestå mellom anna språktestar, noko legar frå tredjeland må gjennomføra for å få godkjenning (yrkeskvalifikasjonsdirektivet).

Overlege Kjell Vikenes ved Haukeland Universitetssykehus uttrykkjer også uro over utviklinga, og meiner pasienttryggleiken må gå føre prinsippet om fri flyt av arbeidskraft i enkelte tilfelle.

EU har varsla revidering av regelverket i 2012, men opnar for at ein kan sjå på språkkunnskapane til legar tidlegare.

Sjå også: ESA åtvarar Noreg.