onsdag 21. april 2010

Plan for rettferd, fridom og tryggleik lansert

For å konkretisera initiativa som blei presentert i Stockholmsprogrammet i haust, har Kommisjonen lansert ein handlingsplan innanfor storsatsinga på justis- og innanriksområdet – som gjeld fram til og med 2014.

Her melder Kommisjonen at det trengst koordinerte tiltak i EU for å motarbeida aukande organisert kriminalitet, og at det samtidig ikkje kan bli tryggleik utan rettferd innanfor justisområdet.

Ein fokuserer på innbyggjarane når justis- og sikkerheitspolitikken i Europa no skal sameinast. Innbyggjarane skal oppleva like rettar og tryggleik i heile EU-området, og satsinga skal prioriterast dei neste fem åra.

Dagens handlingsplan inneheld mellom anna desse tiltaka – med konkret tidsplan i parentes:
- Evaluera, og eventuelt, gjera endringar i Datalagringsdirektivet (evalueringsrapport hausten 2010 og eventuelt lovframlegg innan 2012).
- Betra tryggleiken til EU-borgarar på reise – både i og utanfor EU-området (fleire lovframlegg innan 2011).
- Utarbeida ein sikkerheitsstrategi for å styrka samarbeidet innanfor rettshandheving og sivile rettar samt katastrofe- og grenseberedskap (her skal det koma ei melding i løpet av 2010).
- Vurdera eit lovframlegg om bruk av passasjerdata, og utarbeida eit rammeverk for eventuell utveksling av slik data til tredjepartsland (melding i 2010).
- Sikra at tiltalte i straffesaker får rettferdig og lik behandling i EU-landa (fleire lovframlegg innan 2013).
- Betra personvernet. Personvernsdirektivet frå 1995 vil bli modernisert (2 lovframlegg i 2010). - Få på plass ei langsiktig avtale med USA for overføring av finansielle data for å motarbeida terrorisme – Terrorism Financing Tracking Programme – TFTP (internasjonal avtale i løpet av 2010).
- Kriminalisering av identitetstjuveri (lovframlegg innan 2012).
- Få på plass felles asylsystem og lik behandling av asylsøknader i medlemsstatane (melding innan 2014).
- Ta spesielle omsyn til mindreårige asylsøkjarar (melding i 2010).

Statewatch har mellom anna publisert denne kommentaren til handlingsplanen: ”A bit more freedom and justice and a lot more security”.

No skal planen til behandling i Europaparlamentet og Rådet, og i tråd med Lisboatraktaten skal det eventuelt nyttast kvalifisert fleirtal for vedtak i Rådet.