Europautvalet ved Folketinget har nyleg kome med ei melding for å betra kontrollen av nærleiksprinsippet (subsidiaritetsprinsippet) når det gjeld nye EU-framlegg.
Lisboatraktaten gjer nasjonale parlament til vaktarar av EU-institusjonane – slik at dei ikkje vedtek lovgjeving på område som er betre regulert av EU-landa sjølve. Nasjonale parlament kan først og fremst koma med grunngjeven uttale innan åtte veker etter at eit EU-framlegg er lagt fram, om framlegget stridar mot nærleiksprinsippet.
Meldinga frå Europautvalet skisserer opp fleire konkrete tiltak, mellom anna blir det satsa på betre samarbeid med dei aktuelle fagkomiteane, for å sikra at prosedyrane held seg innanfor tidsfristen på åtte veker. I tillegg skal Europautvalssekretariatet koma med ei årleg oversikt over fem til ti prioriterte framlegg, som regjeringa greier ut om i grund- og nærhedsnotat. Desse notata skal blant anna innehalda ei vurdering av kvifor nærleiksprinsippet er oppfylt i den aktuelle saka.
Det kjem også fram at Folketinget ønskjer å styrkja samarbeidet med dei andre nasjonale EU-parlamenta når det gjeld nærleikskontrollen. Ordninga trådde i kraft 15.april 2010.