onsdag 15. september 2010

EU på kollisjonskurs med Frankrike

EU-kommisjonen tok i bruk sterke ord som disgrace denne veka, og varsla at dei kan ta Frankrike til retten etter nye avsløringar rundt utvisingane av romfolk denne sommaren.

Franske dokument viser at politiet blei instruert i å prioritera leirar med romfolk når intensiveringa starta, og er stikk i strid med forsikringar som blei gitt av franske ministrar i eit møte med Kommisjonen for to veker sidan.

«This is not a minor offence in a situation of this importance… this is a disgrace» uttala justiskommisær Vivian Reding, «I am personally convinced that the Commission will have no choice but initiate infringement procedures against France».

Den franske juniorministeren for EU-saker svarte på trugsmålet frå Kommisjonen: «This is not how you speak to a major power like France». Fleire medlemmer i Europaparlamentet var også ute og kommenterte saka i går, og mange ønskte Kommisjonen velkomen etter - men stilte også spørsmål om korleis Kommisjonen hadde handtert saka.

Også den tyrkiske EU-ambassadøren ønskte å kommentera saka: «I am very happy to see the Commission showing the same kind of sensitivity to human rights violations at home as it does in candidate countries or third countries».

No er det frykt for at spenningar mellom Frankrike og Kommisjonen vil prega torsdagens toppmøte, som eigentleg skulle handla om den felles utanrikspolitikken i EU.