onsdag 8. september 2010

Romfolket på agendaen i parlamentet

Tysdag var det debatt i Europaparlamentet om situasjonen til romfolket, i kjølvatnet av dei franske utvisingane. Justiskomissær Viviane Reding opna med å kritisera medlemslanda sin innsats når det gjaldt integreringa av romfolk. I tillegg uttala Reding at Frankrike ville bli tatt til domstolen om den pågåande utgreiinga viste at landet braut EU-reglane.

Samtidig kom det fram at Kommisjonen oppretter ei spesialgruppe som skal setja i verk og følgja opp integreringsprosjekt retta mot romfolk. Reding ønskte også eigne ministermøte om situasjonen til romfolket og at framtidige formannskapsland la vekt på integreringsspørsmålet.

I den påfølgjande debatten blei Kommisjonen sjølv kritisert for manglande svar på om utvisingane innebar lovbrot frå Frankrike si side, og fleire parlamentsmedlemmer åtvara mot at ei passiv haldning frå EU kunne føra til at andre land ville følgja det franske eksempelet. Debatten viste også usemje om tolkinga av retten til å bevega seg fritt innanfor EUs grenser, nokre poengterte mellom anna at denne retten ikkje kunne overgå plikta til å respektera enkelte normer som europeiske borgarar.

Torsdag skal to ulike resolusjonar knytt til romutvisingane opp til votering i Europaparlamentet. Eit ungarsk parlamentsmedlem, som tilhøyrer romfolket, uttala følgjande før tysdagens debatt: «a common European solution is needed for a common European problem».