onsdag 27. oktober 2010

EU-vanskar i Sverige, enklare i Danmark?

I Sverige fryktar regjeringa at det kan bli vanskeleg å koma til semje om forhandlingsopplegg med EU-komiteen i Riksdagen, som følgje av den nye partisamansetjinga etter valet.

Utan eit fleirtal i komiteen får ikkje regjeringa mandat frå eige parlament til å tala Sveriges sak i forhandlingar i Brussel.

Dagens nyheter skriv at Sverigedemokraterna kan ta på seg rolla med å avgjera den svenske posisjonen i europaspørsmål, sjølv om partiet til no skal ha opptredd nokså uinteressert i komiteen.

I dag skal statsminister Reinfeldt rådføra seg med komiteen føre toppmøtet i Brussel i morgon.

Samtidig har EU-oplysningen i Danmark publisert statistikk over korleis partia i Folketinget støtta regjeringas EU-posisjonar i perioden 2009-2010.

Det danske europautvalet har behandla totalt 68 forhandlingsopplegg det siste året, og i over 40 prosent av desse kom det ingen motstand frå dei ulike partia i Europautvalet.

Opposisjonspartiet Socialdemokraterne hadde mellom anna støtta regjeringa i over 95 prosent av opplegga i fjor.