tirsdag 2. november 2010

Nordisk personell vaktar gresk-tyrkisk grense

I dag startar 175 utsendte EU-personell arbeidet med å hjelpa Hellas i vakthaldet på den gresk-tyrkiske grensa.

Operasjonen skjer i regi av Frontex, og inkluderer deltaking frå alle EU-landa (utanom Storbritannia og Irland). Både Danmark og Sverige deltek (Noreg deltek også vanlegvis i slike Frontex-operasjonar).

Frontex sitt oppdrag skal i første omgang vara i 2 månader, seier kommissær Cecilia Malmstöm til EUObserver.

Hjelpa kjem etter ønske frå grekarane om bistand med grenseovervakinga. Bortimot ni av ti som kjem ulovleg til EU, kjem først til Hellas. Dei fleste via Tyrkia.

Styrkinga av det greske vakthaldet har også støtte frå FNs flyktningbyrå, som har vore urolege for mangelen på kontroll over situasjonen i Hellas. Men byrået peikar samtidig på at: «asylum needs must not be overlooked».

Bjarte Vandvik, som er generalsekretær i flyktningsorganisasjonen ECRE, skriv mellom anna følgjande i eit ope brev til europeiske regjeringar: «Frontex, the EU Borders Agency, will send border guards to help Greece to stop migrants from entering across the land border with Turkey. Paradoxically, at the same time, most Member States investing resources and personnel in Frontex operations keep on putting more pressure on the Greek system by sending asylum seekers there. European countries need to be serious about EU solidarity.»