onsdag 10. november 2010

Nye EU-land? Ny rapport om søkjarlanda

EU-kommisjonen presenterte i går den årlege rapporten om status for aktuelle nye medlemsland.

Når det gjeld Island viste ein til framgangen i konsolideringa av offentlege finansar og gjenoppretting av det finansielle systemet. Samtidig trakk rapporten fram at den islandske opinionen verkar usikre på om dei ønskjer EU-medlemskap, og Kommisjonen ber difor islandske styresmakter sørgja for god nok informasjon om kva eit EU-medlemskap inneber.

Kommisjonen meiner vidare at Montenegro bør få status som kandidatland, i same kø som Kroatia, Makedonia, Tyrkia og Island allereie står i. Her er det Kroatia som skal vera nærmast eit EU-medlemskap, og landet får skryt for stadige framsteg i forhandlingsprosessen. Når det gjeld den tyrkiske søknaden peika rapporten mellom anna på følgjande hindring: «there is no progress towards normalisation of bilateral relations with the Republic of Cyprus».

Elles slår Kommisjonen fast at utvidinga frå 15 til 27 land (i perioden 2004-2007) styrka EU-landa sine evner til å møta den økonomiske krisa, særleg på grunn av auka handel mellom medlemslanda.