I eit utkast til eit EU-notat om forholdet til Sveits står det at den bilaterale tilnærminga frå sveitsisk side har nådd si grense.
Utkastet omtalar forholdet mellom Sveits og EU som både «good, intense and broad», men at ein likevel bør gå gjennom alle bilaterale avtalar på nytt. Dette fordi dei talrike avtalane har gjort arbeidet komplekst, særleg med tanke på fråveret av «horizontal institutional arrangements».
Samtidig nærmar det seg folkeavstemming i Sveits, som handlar om mulege utvisingar av domfelte utan sveitsisk statsborgarskap. Initiativet kan bryta avtalar med EU om fri bevegelse av personar, og SwissInfo stiller mellom anna dette spørsmålet: «What would happen if it passes?».