14. desember vedtok Rådet ei rekkje konklusjonar når det gjelder relasjonane til dei fire EFTA-landa.
EU og Noreg
Evalueringa av samarbeidet med Noreg inneheld mange godord og relasjonane «have even further improved since 2008». Rådet håpar Noreg opprettheld «the same good record in the coming period» når det gjeld implementering av EU-lovgjevinga.
Rådet beklaga manglande norsk vilje til liberalisering av handel med bearbeida landbruksvarer (protokoll 3 i EØS-avtala). Betydinga av EØS-midlane, og samarbeidet rundt den felles utanriks- og sikkerheitspolitikken samt energiområdet, blir derimot skrytt av.
Det er verdt å merka seg at den norske evalueringa av EØS-avtala blir trekt fram, og Rådet ønskjer å starta liknande arbeid frå EU-hald. I tillegg må ein ta høgde for mulege endringar i EØS-medlemskapane framover og ein ønskjer også å oppdatera og forenkla EØS-prosedyrane.
EU og Sveits
Når det gjeld relasjonane til Sveits er ordbruken hardare i evalueringa. Som venta peikar Rådet på behovet for eit meir effektivt rammeverk enn dei mange ulike bilaterale avtalane som er inngått mellom EU og Sveits. Ein trekk også fram mangel på effektive instrument som sørgjer for likskap i den indre marknaden og dei andre EU-politikkområda Sveits deltek på.
Vidare blir det uttrykt uro over inkonsekvent oppfølging av avtalar, til dømes det som gjeld prinsippet om fri bevegelse for personar i Europa (jamfør folkeavstemminga nyleg). Spesielle sveitsiske skatteregime gir også utfordringar i samarbeidet, og Rådet meiner desse skaper ein uakseptabel konkurransesituasjon som bør opphøyra.
Europolitics omtalar derimot Rådets konklusjonar som ein ”dialog for dei døve”, og viser til ei pressemelding frå sveitsiske styresmakter i går. Her står det mellom anna at ein frå sveitsisk side synest dei eksisterande bilaterale avtalane med EU fungerer godt, og at styrking av rammeverket må ta omsyn til suvereniteten for begge partar samt «the proper functioning of their respective institutions».
Swissinfo skriv at EU-konklusjonane truleg vil ha liten innverknad på politikkutforminga i Bern.
EU, Island og Liechtenstein
I omtala av Island blir behovet for ei makrellavtale mellom anna trekt fram. Dette blei ytterlegare understreka av kommissær Maria Damanski på fiskerirådsmøtet i går. Ho uttala at Kommisjonen vurderer restriksjonar som kan hindra islandske trålarar å levera delar av fangsten i EU-hamner.
I Liechtensteins tilfelle forventar Rådet rask implementering av OECD-standardar rundt openheit og utlevering av skatteinformasjon (dette blir også nemnt i omtala av Sveits).