Rett før jul presenterte Kommisjonen si arbeidsgruppe, som arbeider med situasjonen for romfolket, sine første funn etter undersøkingar rundt bruken av EU-midlar i integrering av romfolket. Gruppa har sett på korleis forholda kan betrast når det gjeld ikkje-diskriminering og likestilling, utdanning, helsetenester, bustader, sysselsetjing og opplæring.
Resultata viser at medlemslanda manglar ein del når det gjeld strategiar og tiltak for å løysa problema for romfolket, det manglar mellom anna administrativ kapasitet i fordelinga av EU-midlane. I tillegg er det manglande involvering frå det sivile samfunn og romfolket sjølve.
Arbeidsgruppa skal no leita etter konkrete måtar å effektivisera bruken av EU-midlar i medlemsstatane. I tillegg skal ein få på plass eit rammeverk for nasjonale strategiar knytt til romfolk-spørsmål, som Kommisjonen er venta å vedta i løpet av våren.
Følgjande suksessfaktorar er identifiserte:
- Effektiv samordning av politikken
- Pålitelege prosjekt, med fleirårige budsjett som sikrar kontinuitet
- Deltaking frå representantar for romfolket
- Pålitelege data og evaluering av resultat
Denne våren prioriterer det ungarske formannskapet arbeidet med å betra integreringa av 10-12 millionar romfolk som bur innanfor EU-området. Statsminister i Ungarn, Viktor Orban, skriv mellom anna følgjande i Financial Times 6. januar:« There should be no more delays allowed for tangible progress made to improve Roma employment, children’s education and living conditions.»