EU-kommisjonen lanserer ei høyring om forenkling av yrkeskvalifikasjonsdirektivet i morgon. Her vil representantar frå ulike profesjonar bli bedne om å kommentera korleis ein kan forenkla reglane for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar på tvers av landegrensene.
EU har mellom anna planar om å introdusera eit ”professional card”, for å letta prosessen for personar som søkjer arbeid i utlandet.
Ei grønbok er venta til hausten, på bakgrunn av høyringa, medan eit lovframlegg er venta i 2012.