mandag 24. januar 2011

Nye tiltak for norsk EU/EØS-arbeid

Utanriksdepartementet har lansert ein ny tiltaksplan for EU/EØS-arbeidet. I samarbeid med dei øvrige departementa og den norske delegasjonen i Brussel vil UD gjennomføra ei rekkje tiltak for å kunna øva innverknad og sikra norske interesser overfor EU. Bakgrunnen er store politiske og økonomiske ulikskapar internt i EU, med behov for kompromiss i vanskelege saker, noko som gjer unionen mindre innstilt på å ta særlege omsyn til Noreg. EØS-avtala sitt verkeområde er blitt mindre tydeleg og det har blitt vanskelegare å avklara kva som er EØS-relevant.

Saman med den pågåande europautgreiinga, er målet at tiltaka også skal bidra til eit informasjonsløft rundt EØS og forholdet til Europa.

Tiltaksplanen presenterer fire delprosjekt:
- Styrking av arbeidet overfor EUs institusjonar og medlemsland. Fokus på Europaparlamentet og ambassadane i Europa.
- Styrking av koordinering mellom departementa, inkludert spesialutvala.
- Betra rutinane for tidleg medverknad. Sikra betre og tidlegare grep på saker før vedtak i EU. Status for EU-saker bør leggjast inn i faktanotat i EØS-notatbasen, med endeleg norsk posisjon.
- Kompetanseutvikling/erfaringsutveksling. UD vil arrangera ein årleg EØS-konferanse, den første vil finna stad i Oslo i april.

I planen for 2011 står mellom anna miniseminar om Europaparlamentet i Europautvalet på agendaen.