Torsdag 20. januar var det møte mellom nordeuropeiske statsleiarar i London. Tema var handel, innovasjon, likestilling og grøn teknologi, skriv EUobserver.
Energispørsmål stod høgt oppe på møteplanen, ifølgje NTB. Statsminister Jens Stoltenberg ser føre seg eit system der vasskraft blir lagra i magasin i periodar med energioverskot i Europa og at Noreg då baserer sitt strømforbruk på import. Når strømbehovet aukar på kontinentet skal norsk vasskraft bidra til energiforsyning.
Ein talsmann for den britiske statsministeren David Cameron, som arrangerte møtet, uttala at møtet verken var anti-europeisk eller eit forsøk på å skapa ein nordleg allianse.
Sveriges statsminister Fredrik Reinfeldt kommenterte at debatten mellom dei nordeuropeiske landa «differs a little sometimes from discussions in central and southern Europe». Det er planlagd oppfølgingsmøte i Sverige i 2012.
EUobserver skriv også at det blei underteikna ei bilateral avtale mellom Storbritannia og Noreg om ein forsvarsklausul.