EU slit med å svara på uroa i Nord-Afrika med ei samla og tydleg stemme. Nabolanda Italia, Malta og Kypros er mellom anna ueinige i finske og tyske krav om diplomatiske sanksjonar mot Libya.
Innanfor energiområdet har Italia måtta stenga tilførselen frå ein viktig gassleidning til Libya, og det er også venta fleire vanskar for den europeiske energiforsyninga. Fleire europeiske land er storimportørar av libysk olje, og Muammar al-Gaddafi har trua med å sabotera oljeinstallasjonane i landet.
Samtidig har EU-byrået Frontex starta si deltaking i vakthaldet av Schengen-grensa mot sør, etter at flyktningstraumen frå Nord-Afrika særleg har blitt ei utfordring for den italienske øya Lampedusa i det siste. Frontex har sendt 30 ekspertar, fire fly, to helikopter og to skip til den italienske kysten. Ekspertar frå Sverige er mellom desse.
Noreg har også blitt bedne om å bidra, men Jan Erik Nybakk i Politidirektoratet seier til ABC Nyheter at ein først må få oversikt om ein har nok tenestemenn å avsjå til slike operasjonar.
EU fryktar no endå større auke i flyktningstraumen, i kjølvatnet av krisa i Libya. Den italienske utanriksministeren åtvarar også om at det kan koma fleire hundre tusen libyske flyktningar til Italia.
I tillegg skal al-Gaddafi ha trua med å opna for fri ferd til Europa for flyktningar, dersom EU støttar dei regimekritiske demonstrantane i landet.
24. februar samlast EU-innanriksministrane til rådsmøte, der respons til korleis ein skal møta den oppheita flyktningsituasjonen i Sør-Europa vil vera sentralt.