tirsdag 15. mars 2011

Klarsignal for felles EU-patent

Rådet godkjente i førre veke planen om ein felles EU-patent. Vedtaket inneber eit såkalla forsterka samarbeid, og betyr at 25 medlemsland ønskjer å innføra ei felles patentordning i EU. Italia og Spania vel å stå utanfor på grunn av usemje rundt språk (berre engelsk, fransk og tysk er blant patentspråka).

Føremålet med eigen EU-patent er at det vil bli billegare og enklare for bedrifter som ønskjer å søkja om patent i fleire europeiske land.

Europaparlamentet gav grønt lys 28. januar, og EU-kommisjonen skal no arbeida med å fremja detaljane i den nye ordninga.

Næringskomiteen i Sveriges riksdag vurderte eiga patentordning som viktig for konkurranseevna til bedrifter innanfor EU, ikkje minst i forhold til andre store økonomiar, og som viktig for å fremja innovasjon i indre marknad. Dette kom fram i ei innstilling i februar.

Det skal vera første gongen forsterka samarbeid blir brukt i ei sak som gjeld den indre marknaden.

Det vil truleg ta 2-3 år før felles patent er på plass.