tirsdag 8. mars 2011

Travelt ESA-år

EFTAS overvakingsorgan, ESA, har presentert årsmeldinga for 2010. Eit travelt år, ifølgje organet, som viser til 500 pågåande saker, 370 nye saker og 362 avslutta saker.

Saker i samband med finanskrisa prega året, noko som særleg gjeld Island. Når det gjeld konkurranse skriv ESA at dei tok eit stort steg i styrkinga av EØS-konkurransereglane då dei bøtela Posten Norge AS i juli 2010.

Dei halvårige tala for implementering av reguleringar og direktiv viser samtidig at underskotet for sein innarbeiding i EFTA/EØS-landa no i mars er på 0,6%, den lågaste gjennomsnittsrata nokosinne.

President i ESA, Per Sanderud, avsluttar pressemeldinga om årsrapporten med følgjande sitat: «Ultimately, the successful operation of the EEA Agreement depends on the uniform implementation and application of the common rules in each of the 30 EEA States. Respect for this basic feature of the Agreement when new legislation is incorporated into it will contribute to its sustainability in the future.»