Justiskomiteen i Sveriges riksdag støttar EU-kommisjonen sitt framlegg om å oppretta eit interparlamentarisk forum, kor nasjonale parlament og Europaparlamentet kan utøva kontroll med Europol sine aktivitetar.
Utsegna frå Sverige er eit innspel til meldinga som blei lagt fram av kommisjonen 17. desember 2010.
Justiskomiteen i Riksdagen meiner vidare at kommisjonen bør utvikla ein felles tidsplan og felles prosedyre for parlamentarisk gransking av Europol og Eurojust. Kontrollen bør også helst rettast inn mot oppfølging av resultat og strategiar framfor enkeltavgjerder.
Noreg har samarbeidsavtalar med både Europol (samarbeidsorgan for politiet i medlemsstatane om førebygging av alvorlege former for internasjonal organisert kriminalitet) og Eurojust (samarbeid om etterforsking og straffeforfølging av internasjonal organisert kriminalitet).
Om Stortinget skal involverast i det interparlamentariske forumet er ikkje kjent.