tirsdag 5. april 2011

Kamp mot terror via felles EU-etterretning?

Eit nytt indre sikkerheitsorgan, som samlar aktivitetane til dei eksisterande sikkerheitsorgana Eurojust, Europol og Frontex, blei føreslått under ei høyring i Europaparlamentet førre veke.

Direktør for tiltak mot terrorisme ved Europakommisjonen, Olivier Luyckx, føreslo å bruka EUs nye utanriksteneste (EEAS) som modell for eit slikt organ: «set up a system that would mirror the one that is being set up for monitoring external crises [in the EEAS], a one-stop shop for information-sharing.»

Peter Gridling, med ansvar for arbeidet mot terror i Austerrike, gjekk vidare i sitt innlegg og tok mellom anna opp spørsmålet om ei framtidig EU-etterretningsteneste: «I think it's realistic to start thinking about it». Gridling gav også eit sjeldan innblikk i dagens etterretningssamarbeid, der EU-medlemslanda pluss Noreg og Sveits, deler informasjon gjennom Club de Berne (ikkje EU-organ).

Europaparlamentets komité for borgarrettar, rettslege og indre spørsmål (LIBE) la 29. mars fram sitt utkast til rapport om EU-tiltak mot terror, etter Kommisjonen la fram ei melding i fjor. Saka skal behandlast i plenum 23. juni.