onsdag 6. april 2011

Krav om nasjonale strategiar for romfolk

Justiskommissær Viviane Reding presenterte 5. april eit rammeverk med fleire forslag for å betra situasjonen for romfolk i EU. Rammeverket skal vera rettleiande og mobilisera bruk av EU-midlar til integrering. Medlemslanda bli oppmoda om å få på plass tiltak innanfor fire område:
- Arbeid
- Utdanning
- Helse
- Bustad
Før utgangen av året skal landa presentera sine nasjonale strategiar, og EU-byrået for grunnleggjande rettar (FRA) skal få oppgåva med å måla resultata av dei nasjonale tiltaka.

Reding krev ulike strategiar i ulike land: «problems are different in Bulgaria where you have hundreds of thousands of Roma and in Luxembourg, where there are only a few hundred […] Most important to me is that Member States help ensure that all Roma children complete at least primary school».

Utvisingar av romfolk frå Frankrike i fjor sommar sette situasjonen for romfolket høgt på dagsordenen i EU. I det siste har det mellom anna vore fleire angrep retta mot romfolk i Europa, til dømes i Ungarn.

ERGO Network (European Roma Grassroots Organisation Network) var kjapt ute med å etterlysa fokus på diskriminering i forslaget frå Kommisjonen: «We are really disappointed that the framework does not set out any concerted approach to tackle the discrimination of Roma. It only talks about the response of member states to have projects for social inclusion».

I ein interpellasjon 18. januar i år svara utanriksminister Jonas Gahr Støre på situasjonen for romfolket i Noreg og Europa. Betre integrering av romfolk innanfor EU-området blir også tema på møtet i Det europeiske råd 24. juni.