«Organised crime is a multi–billion euro business in Europe and it is growing in scale» sa direktør Rob Wainwright då Europol 4. mai lanserte si halvårige vurdering av den organiserte kriminaliteten i EU.
Rapporten viser at kriminelle stadig tek i bruk nye metodar, og at Balkanhalvøya er i ferd med å bli hovudinnfartsåra for narkotika, våpen og menneskehandel til Europa.
Wainwright meinte rapporten kunne få følgjer for bulgarsk og rumensk Schengen-medlemskap: «The possible accession into Schengen of Bulgaria and Romania and visa liberalisation for Ukraine - one would see these as potential new opportunities for organsied crime. But we shouldn't overestimate the strength of current border arrangements. They already find many ways to operate in the EU».
Rapporten slår også fast at stadig fleire litauiske kriminelle grupperingar utgjer ein trussel. Eit samla nordisk politikorps tok nyleg til orde for å stenga grensene mot Litauen og Latvia.
Heile rapporten frå Europol.