Europaparlamentets komité for kvinners rettar og likestilling (FEMM) vedtok i førre veke å støtta Europakommisjonen sitt forslag om å auka prosenten av kvinner i styreposisjonar i europeiske selskap: 30 prosent innan 2015 og 40 prosent innan 2020.
Komiteen ber Kommisjonen setja seg desse måla innan 2012, samt utarbeida eit vegkart for å auka talet på kvinnelege entreprenørar.
Kvinner innehar i dag berre ti prosent av direktørstillingane i dei største konserna, og berre tre prosent av konsernsjefsstillingane, sjølv om det er flest kvinner (60 prosent) som er universitetsutdanna.
Resolusjonane skal til plenumsvotering i Parlamentet i juli.