Noreg oppfyller dei fleste krava om mattryggleik i produksjonen av kjøtt- og mjølkeprodukt. Det kjem fram i ein ny rapport frå EFTAs overvakingsorgan ESA.
ESA fann likevel nokre manglar i kontrollprosedyrane hos Mattilsynet, når det gjaldt godkjenning av verksemder, mikrobiologiske kontrollar, generelle og spesifikke hygienekrav, kontroll av mjølkeprodusentar og kontroll av drikkevatn.
ESA gjennomførte ein inspeksjon i januar for å undersøka oppfølginga av EØS-reglane i Noreg når det gjaldt mattryggleik for næringsmidlar av animalsk opphav, og konkluderer med at Mattilsynet har eit tilfredsstillande system på plass for offisielle kontrollar av kjøtt- og mjølkeproduksjonen.
Mattilsynet skal i tida etter inspeksjonen ha arbeidd for å retta opp i dei avvika som blei funne.