Den planlagde danske grensekontrollen skaper debatt i både Danmark og Europa.
Eit nytt notat frå DIIS (Danish Institute for International Studies) skisserer danskane sitt nye dilemma mellom innanriks- og utanrikspolitiske omsyn.
Notatet presenterer mulege politiske, juridiske og diplomatiske konsekvensar av den forsterka grensekontrollen. Ein av konklusjonane er at Danmark nok ein gong utfordrar EU-systemet, noko som styrkar oppfattinga av landet som eit EU-politisk problembarn.