I Justis- og innanriksrådet førre veke blei ein einige om å støtta opprettinga av eit nytt IT-byrå som skal administrera tre sikkerheitsverktøy for Schengen-landa: informasjonssystemet SIS II, visuminformasjonssystemet VIS og EUs biometriske database for fingeravtrykk av asylsøkjarar, Eurodac.
Noreg har tilknyting til alle desse systema, og vil delta i IT-byrået som skal etablerast innan utgangen av 2012.
Også komiteen for borgarrettar i Europaparlamentet (LIBE) støtta opprettinga av eit slikt byrå, i sitt komitémøte førre veke. Rapporten frå komiteen skal behandlast i plenumssesjonen i juli.