fredag 8. juli 2011

VEUs etterfølgingorgan - Europaparlamentets tilnærming

Brusselbrev fra Per S. Nestande.

Under sesjonen i Strasbourg denne veka, vedtok i går Europaparlamentet ein resolusjon om EPs tilnærming i samband med etablering av ein nytt organ som skal sikre parlamentarisk kontroll og innsyn i utanriks- og forsvarspolitikken.

EP har som kjend kravd å bli representert med fleire medlemmar enn dei nasjonale parlamenta i det nye organet som skal erstatte VEU. Dette førte til at ein ikkje vart samd om eit nytt organ på møtet til parlamentspresidentane i Brussel i april. Det er nå opp til det polske EU-formannskapet å prøve å finne eit kompromiss mellom dei nasjonale parlamenta og EP. Presidenten i EP, Jerzy Buzek er som kjent polakk og vil ha uformell kontakt med formannskapet framover. Sentrale medlemmar i EP skal være uroa for at han vil vere for ettergjevande i desse kontaktane, og fekk dermed vedteke resolusjonen i hastefart denne veka. Resolusjonen seier ikkje noko om det konkrete talet på delegatar frå EP, men seier likevel at EPs “own representation in any new form of interparliamentary cooperation should be of a scale which reflects the range and importance of its role in scrutinising CFSP/CSDP, recognises the common European nature of such policies and satisfies the need to reflect the political and geographic pluralism of the House”. Dette synes vere eit klart signal til Buzek om ikkje å vere ettergjevande overfor nasjonale parlament i spørsmålet om talet på delegatar.

I den korte debatten i EP om denne saken understreka talspersonane frå dei ulike partigruppene behovet for parlamentarisk innsyn og kontroll på dette området og uttrykte håp om ei snarleg semje med nasjonale parlament. Samstundes understreka dei behovet for ein passende representasjon for EP. Kommisjonen ved visepresident Maroš Šefčovič (kommissær for interinstitusjonelt samarbeid) understreka også at det er viktig å involvere EP og nasjonale parlament og uttykte også håp om ei snarleg løysing på spørsmålet. Det polske formannskapet var ikkje tilstades under debatten.