fredag 19. august 2011

Kampen om forbod mot alkoholreklame

EU har slått fast at Noreg ikkje får unntak frå det nye direktivet for audiovisuelle medietenester. Det inneber at det blir vanskeleg å halda på forbodet mot alkoholreklame på norske TV-skjermar.

I eit brev frå kommisjonen til Utanriksdepartementet heiter det at Noreg kan oppretthalda nasjonalt forbod, men ikkje blokkera alkoholreklame sendt frå eit anna land. Det vil vera i strid mot fri flyt av tenester. Kristeleg folkeparti ønskjer å stoppa direktivet med reservasjon.

Tidlegare i sommar lovde EUs ambassadør til Noreg, Janos Herman, at dersom Noreg implementerte direktivet ville det ikkje skapa problem for den noverande ordninga med reklameforbod.

Visepresident i Europakommisjonen, Neelie Kroes, viser til at Sverige har ein streng alkoholreklamepolitikk og bilaterale ordningar med Storbritannia, noko statssekretær Erik Lahnstein i UD vil sjå nærmare på. «Men det er veldig stor forskjell på å ha et 100 prosent vern og å måtte gå inn i forhandlinger med andre land», seier Lahnstein til NTB.

I det nye arbeidsprogrammet for EU/EØS-saker står det følgjande om direktivet si betyding for Noreg: «Nåværende unntak er viktig for sammenhengen i norsk alkoholpolitikk. Saken må avgjøres før direktivet om audiovisuelle medietjenester kan innlemmes i EØS-avtalen».