fredag 19. august 2011

Spania stoppar rumenarar på grensa

EU har tillette Spania å stoppa rumenske arbeidarar i å koma til landet. Europakommisjonen godkjente 11. august at Spania kan gjera dette for å unngå forstyrringar i arbeidsmarknaden i det kriseråka landet.

Vedtaket står ved lag til utgangen av 2012, og det er første gongen ein slik «safe-guard»-klausul er brukt til å avgrensa bevegelsesfridomen for borgarar frå andre EU-medlemsland.

Då Romania og Bulgaria blei EU-medlemmer i 2007, blei det fastsett ein sju års overgangsperiode der andre medlemsland kunne avgrensa tilgangen til sine arbeidsmarknader.

Den spanske regjeringa seier dei støttar fri bevegelse av borgarar innanfor EU, men var ikkje lenger i stand til å handtera tilsiget av nye arbeidstakarar. Talet på rumenarar i Spania er i dag meir enn 800.000, noko som gjer dei til den største utanlandske befolkningsgruppa i landet.

Romania har no to veker på å koma med eventuelt svar mot vedtaket, og det har kome reaksjonar frå rumenske politikarar som skuldar den spanske regjeringa for å leita etter syndebukkar for deira eigen krise samt at Europakommisjonen opptrer upartisk overfor rumenske borgarar.